Nyhetsarkiv

Reiserapporten: Vibeke på Årsmøteseminar for psykomotorisk fysioterapi

Skrevet av Fysiofondet | 05.05.26 08:19

Det hender at eg vert usikker på “kva er det eigentleg eg driv med?” Er dette psykomotorisk fysioterapi eller har eg vandra langt i frå metodologien utan å vere klar over det?, skriver Vibeke Stavang. FOTO: Privat

Hvem: Vibeke Stavang
Tiltak:  Årsmøteseminar for psykomotorisk fysioterapi arrangert av NFF
fra 5.-7. mars 2026 i Kristiansand

Du leser nå en rapport fra søknad om reisestipend. Rapporten uttrykker søkers hensikt med, faglig utbytte av og egen vurdering av tiltaket. 

Eg jobbar som fysioterapeut ved Førde sentralsjukehus og er per no den einaste her som praktiserer psykomotorisk fysioterapi. Eg var ferdig med utdanninga i 2021. Til dagen jobbar eg saman med lege og tidvis ergoterapeut og sosionom ved fysikalskmedisinsk poliklinikk og må til stadigheit ha fokus på at fysioterapidelen av tilbodet skal vere tydeleg og ta sin plass.

Helseforetaket står i ein krevjande økonomisk situasjon og det betyr kursstopp for alle tilsette. Dette fører til at fagleg oppdatering av tilsette vert nedprioritert.

Det kan tidvis vere utfordrande å jobbe med smertepasientar i ein sårbar situasjon og det hender at eg vert usikker på “kva er det eigentleg eg driv med?” Er dette psykomotorisk fysioterapi eller har eg vandra langt i frå metodologien utan å vere klar over det? Det kan vere vanskeleg å korrigere seg sjølv og eg kjende at eg hadde behov for fagleg påfyll.

Ettersom eg ikkje får økonomisk støtte frå arbeidsplassen var det viktig for meg å velge kurs eller konferanse som famna breidt, der eg kunne få påfyll av “litt av alt”. Vi har eit vidt spekter av pasientar og diagnosar, så det var ikkje aktuelt for meg å gå i gang med ein svært “spissa” vidareutdanning eller kurs som ville vere kostbar, tidkrevjande og kun aktuelt for eit fåtal av pasientane.

Årsmøteseminaret i psykomotorisk fysioterapi peika seg ut som eit godt alternativ då det var eit variert program med gode forelesarar. Sjølv om det var eit vidt spekter av tema var det likevel rom nok for å gå djupare inn i stoffet. Tema som personlighetsforstyrrelsar og nevroaffektiv forståing er svært relevant for min kvardag i oppfølging av smertepasientar med ulike psykiske lidingar, men samstundes noko som vert lite fokusert på i somatikken då skillet mellom psykiatri og somatikk framleis dessverre er ein realitet. Ein skal heller ikkje unnlate å sette pris på at seminaret var av gunstig varigheit når det kom til fråvær frå arbeidsplassen.

Årsmøtet bidrog også til gode faglege diskusjonar både under og etter kursdagane. Dette er for mitt vedkommande minst like viktig som det reint faglege innhaldet. Her kan ein knyte kontaktar med kollegar andre stadar i landet samt få innblikk i korleis andre jobbar og praktiserer. Eg hadde gode samtalar med erfarne terapeutar som gav meg nye tankar og idear til korleis eg kan nytte psykomotorisk fysioterapi innanfor sjukehuset sine rammer. Like verdifullt var det også å innsjå at det er mange måtar å jobbe på og at eg framleis praktiserer faget.

Eg innser at psykomotoriske fysioterapeutar innanfor sjukehuspraksis er i betydeleg mindretal innanfor fagfeltet. Vi arbeider som regel aleine i eit miljø som er svært klinisk, fragmentert og med begrensa heilheitleg fokus. Eg tenker at vi absolutt har ei viktig rolle innanfor desse rammene, men det er også krevjande å stå i åleine i eit slike miljø over tid. Fagleg påfyll må vi betale for og stå for sjølve.

Årsmøtet gav meg mykje. Fagleg var det relevant og til ettertanke, men like mykje kjensla av å vere del av eit felleskap. Eg vil gjerne prøve å delta på desse årsmøtene vidare framover ettersom form, varigheit og kvalitet er ideel.

Stavang har mottatt støtte fra Fysiofondets reisestipend.