Nyhetsarkiv

Til Colombia for å gi torturutsette ei stemme

Design uten navn - 2024-10-22T083844.663Rolf Vårdal har mangeårig erfaring i flyktningfeltet og er i dag tilsett ved Senter for Migrasjonshelse i Bergen kommune.
FOTO (privat): Tekne av E.A. 

Fysioterapeut Rolf Vårdal har jobba med flykningfeltet i snart tre tiår. I september reiste han til Barranquilla i Colombia for å dela av kompetansen sin på internasjonal kongress for fysioterapeutar.

Den 19. – 21. september i år vart den 10. kongressen, arrangert av International Organization of Physical Therapy in Mental Health, avhalden. Årets tema var «Mental Health on the Move».*

Tortur og frykt
Vårdals presentasjon på 10th Conference IOPTMH 2024 hadde tittelen Torture. Living with fear after resettlement, og var basert på eigne erfaringar med torturoverlevarar over tid.

Han forklarer at hovudformålet med presentasjonen var å setja søkjelys på noko fleire personar utsette for tortur må leva med, nemleg å ikkje kunna stå fram med historia si fordi det kan setja familie eller andre personar i heimlandet i fare. Vårdal fortel at sjølv i vår trygge del av verda, lever mange torturoverlevarar i ei konstant frykt for å avsløra noko.

- Det er ikkje paranoia når det blir påstått at opplysningar om flyktningar i Noreg kan bli rapportert til myndigheiter i heimlandet, som då igjen kan utføre svært stygge ting mot familie eller andre personar som bur der. Også andre grunnar gjer at enkeltpersonar ikkje opplever tryggheit her, men må leve ei form for dobbeltliv med frykt og uro som ein meir eller mindre konstant faktor.

 

Design uten navn - 2024-10-22T083932.345

Rolf Vårdal presenterer på 10th Conference IOPTMH 2024 i Barranquilla,. Colombia
FOTO: Privat

Kva kan fysioterapeutar gjera i møte med flyktningar og asylsøkjarar som har opplevd tortur?

- Som fagperson har ein ei rolle å spele, og der kan vi fysioterapeutar med kjennskap til ulike kroppslege prosessar, samt kunnskap om den mentale biten som ikkje kan fjernast frå den kroppslege, ha eit stort bidrag å komme med. I tillegg vil eg personleg sei at å vere medmenneske, tole å høyre historier vi alle skulle vore forutan, vere interessert i den unike personen vi møter, bidra til å redusere skam og skuldkjensle som mange kan kjenne på, gjennom å anerkjenne den vi møter som først og fremst eit menneske som har opplevd vanskelege ting, ha like stor verdi som det reine og smale faglege perspektivet. Der kan vi som terapeutar sikkert ha svært ulike grenser, og kvar enkelt må kjenne seg komfortabel med si eiga yrkesutøving om det skal fungere.

Flyktningar og fysioterapi
Allereie seint på 90-talet fekk Vårdal sitt første møte med menneske som måtte flykta frå heimlandet sitt. Han har sidan jobba i flykningfeltet i ulike stillingar som fysioterapeut, mellom anna som spesialkonsulent ved RVTS-Vest (Ressurssenter for vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging, ved Fagteam for flyktninghelse og tvungen migrasjon), og som Integreringskonsulent ved Introduksjonssenteret for Flyktningar i Bergen.

- Det har gitt innsikt i ulike sider av kva det vil sei å vere ein person som av ulike og som regel svært gode grunnar har måtta flykte frå heimlandet. Det blei etter kort tid klart for meg at flyktningar ofte har svært tøffe erfaringar med seg, og dette er ofte lite fokusert i pågåande debattar om flyktningar både i politikk og ellers i mange av dei ulike tenestene som møter desse menneska.

Han er i dag tilsett som fysioterapeut ved Senter for Migrasjonshelse i Bergen kommune, eit tverrfagleg helse- og kompetansesenter nyankomne flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforente møter etter å ha komme til Noreg og Bergen.

- Jobben min er variert og består av både individuelle konsultasjonar, gruppetilbod, undervisningsoppdrag både for kommunale instansar og på diverse profesjonsutdanningar. I tillegg ulike prosjekt der Senter for Migrasjonshelse (SEMI) er partner, både nasjonalt og internasjonalt, til dømes CHART, PREP og PREP-IP. Vi er per i dag to fysioterapeutar, kvinne og mann, og det gjer at vi ikkje ekskluderer personar som av ulike årsaker ikkje kan gå t.d. til ein mannleg fysioterapeut.

Kva betyr dette arbeidet for deg?

- Eg har over tid sett kor lite som skal til for at den personen eg møter kan føle seg verdsett og ikkje berre bli sett som ei diagnose, som ei utfordring, eller endå verre, som eit problem. Det har gitt meg innsikt, erfaring og motivasjon for å bli verande i dette feltet, som mange kanskje kan sjå på som mørkt, fælt og ubehageleg. Dei absolutt flottaste menneska eg kjenner har eg vore så heldig å møte i samband med jobben. Eg har lært utruleg mykje om mange ting, kanskje det viktigaste er at vi alle er menneske med stort sett same behov og ynskje, og at vi treng kvarandre i vanskelege periodar. Det har definitivt vore ein tovegs prosess. Det er også viktig å presisere at det er plass til humor, leik og glede i dette feltet.

- Ein gjevande konferanse
Vårdal vart utdanna fysioterapeut i 1991 og har før og etter dette utdanning frå ulike universitetet innan fysioterapi, historie, språk og menneskerettar.

- Sjølv er eg ikkje psykomotorikar, utan at eg følte meg ekskludert av den grunn. Til dømes er BBAT (Red. Basic Body Awareness Therapy) brukt i mange land, mange terapeutar med den kompetansen har blitt utdanna i Noreg, og mange er interesserte i å bli kjent med den tilnærminga. Alt i alt var det ein gjevande konferanse å delta på.

- Eg har blitt oppdatert på ein del forsking, fått delta på workshops der klinisk praksis blei utprøvd, samt knytta kontaktar for eventuelt vidare samarbeid. Programmet var variert, og viser at norsk psykomotorisk tilnærming er både etterspurt og interessant for mange.

 

Fysiofondets reisestipend har støtta Vårdals reise. Me oppmodar fleire fysioterapeutar til å nytta seg av moglegheita til å søkja om reisestipend.

Les meir om utlysninga Reisestipend 2024 her.